18 Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.
19 Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.
20 Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.
21 Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.
22 Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.
23 Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet.
24 Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»