19 Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.
20 Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.
21 Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.
22 Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.
23 Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet.
24 Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»
25 Då Laban nådde fram til Jakob, hadde han slege teltet sitt opp på fjellet. Laban og slektningane hans slo òg leir på Gilead-fjellet.