28 Du lét meg ikkje eingong få kyssa barneborna og døtrene mine. No har du bore deg uvitug åt.
29 Det står i mi makt å gjera dykk vondt. Men Gud til far dykkar sa til meg i natt: ‘Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!’
30 No har du altså reist fordi du lengta så etter farsslekta di. Men kvifor stal du gudane mine?»
31 Jakob svara Laban: «Eg var redd. Eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt.
32 Men den du finn gudane dine hos, skal mista livet. Her framfor slektningane våre kan du sjølv sjå etter kva eg har med meg, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.
33 Laban gjekk inn i teltet til Jakob og i telta til Lea og dei to slavekvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut av teltet til Lea og inn i teltet til Rakel.
34 Rakel hadde teke terafane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban saumfór heile teltet, men fann ingen ting.