4 Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka der han var med buskapen sin.
5 Han sa til dei: Eg ser på andletet til far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud til far min har vore med meg.
6 De veit at eg har arbeidd for far dykkar av all mi kraft.
7 Og så har han snytt meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud har ikkje late han gjera meg noko vondt.
8 Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar.
9 Slik tok Gud buskapen frå far dykkar og gav han til meg.
10 I paringstida til småfeet hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som para seg med småfeet, var stripete, flekkete og droplete.