40 Heten tærte meg opp om dagen og kulden om natta, og søvnen flykta frå auga mine.
41 I tjue år har eg vore i ditt hus. Fjorten år har eg arbeidd for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt, og ti gonger har du endra løna mi.
42 Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»
43 Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?
44 Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»
45 Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte.
46 Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa.