6 De veit at eg har arbeidd for far dykkar av all mi kraft.
7 Og så har han snytt meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud har ikkje late han gjera meg noko vondt.
8 Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar.
9 Slik tok Gud buskapen frå far dykkar og gav han til meg.
10 I paringstida til småfeet hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som para seg med småfeet, var stripete, flekkete og droplete.
11 Og i draumen sa Guds engel til meg: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»
12 Då sa han: «Lyft auga, så skal du sjå at bukkane som parar seg med småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett alt det Laban har gjort mot deg.