12 Du sa at du ville gjera vel imot meg og la ætta mi bli som havsens sand, som ingen kan telja.»
13 Og han var der den natta.Av det han eigde, tok han ut ei gåve til bror sin, Esau:
14 to hundre geiter og tjue bukkar, to hundre sauer og tjue vêrar,
15 tretti kamelar som gav mjølk, og føla deira, førti kyr og ti oksar, tjue eselhopper og ti esel.
16 Han gav dyra til slavane sine, flokk for flokk, og sa til dei: «Dra føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom kvar flokk!»
17 Så sa han til den første slaven: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,
18 då skal du svara: Jakob, tenaren din, og dette er ei gåve han sender til herren min, Esau. Snart kjem han sjølv etter.»