20 «Og de må seia at snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidgjera han med den gåva som kjem i førevegen. Når eg sidan møter han andlet til andlet, vil han kanskje ta venleg imot meg.»
21 Så drog slavane i førevegen med gåva, medan Jakob vart verande i leiren om natta.
22 Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok.
23 Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.
24 Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde.
25 Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa.
26 Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»