23 Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.
24 Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde.
25 Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa.
26 Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»
27 «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han.
28 Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.»
29 Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.