3 Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin.
4 Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.
5 Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.»
6 Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda.
7 Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
8 Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han.
9 Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!»