1 Dina, dottera som Lea hadde fødd Jakob, gjekk ein gong ut og ville møta jentene i landet.
2 Då fekk Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og krenkte henne.
3 Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala til hjartet hennar.
4 Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få denne jenta til kone!»
5 Jakob fekk høyra at Sikem hadde gjort Dina, dotter hans, urein. Sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde om dette til dei kom heim.
6 Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.