13 Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han.
14 Jakob reiste ei støtte på denne staden, ei støtte av stein. Han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.
15 Og Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
16 Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel.
17 Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»
18 Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.
19 Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem.