16 Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel.
17 Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»
18 Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.
19 Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem.
20 Og Jakob reiste ei steinstøtte på grava hennar. Det er gravsteinen til Rakel, som står der den dag i dag.
21 Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.
22 Medan Israel budde der i landet, gjekk Ruben av stad og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Og Israel fekk vita det.Jakob hadde tolv søner.