16 Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som stammar frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar av Ada.
17 Og dette er sønene til Re'uel, son åt Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som stammar frå Re'uel i Edom. Dei er etterkomarar av Basmat, kona til Esau.
18 Og dette er sønene til Oholibama, kona åt Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som stammar frå Oholibama, dotter til Ana, kona åt Esau.
19 Dette var sønene til Esau, det er Edom, og dei hovdingane som stammar frå dei.
20 Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,
21 Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane til horittane, sønene åt Se'ir i Edom.
22 Sønene til Lotan var Hori og Hemam, og syster hans var Timna.