18 Og dette er sønene til Oholibama, kona åt Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som stammar frå Oholibama, dotter til Ana, kona åt Esau.
19 Dette var sønene til Esau, det er Edom, og dei hovdingane som stammar frå dei.
20 Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,
21 Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane til horittane, sønene åt Se'ir i Edom.
22 Sønene til Lotan var Hori og Hemam, og syster hans var Timna.
23 Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam.
24 Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i ørkenen då han gjette esla til Sibon, far sin.