2 Esau tok seg koner mellom Kanaans døtrer: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon,
3 og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.
4 Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel;
5 Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6 Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.
7 For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira.
8 Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom.