25 Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt.
26 Då sa Juda til brørne sine: «Kva har vi att for å drepa bror vår og dekkja over blodet hans?
27 Kom, så sel vi han til ismaelittane. Lat oss ikkje leggja hand på han, for han er bror vår, vårt eige kjøt.» Og brørne lydde han.
28 Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.
29 Då Ruben kom til brønnen igjen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.
30 Han gjekk tilbake til brørne og sa: «Guten er borte. Kvar skal eg no gjera av meg?»
31 Då tok dei kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og dyppa kjortelen i blodet.