8 Då sa brørne til han: «Skal du vera konge over oss? Skal du rå over oss?» Så hata dei han endå meir for draumane hans og for det han sa.
9 Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»
10 Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?»
11 Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.
12 Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem.
13 Då sa Israel til Josef: «Brørne dine gjeter ved Sikem. Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Her er eg.»
14 Då sa far hans: «Gå no og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet. Kom så og sei meg det!» Så sende faren han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.