13 Tamar fekk vita at svigerfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klippa sauene sine.
14 Då la ho av seg enkjekleda og dekte seg med eit slør som ho sveipte om seg. Så sette ho seg ved inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho hadde sett at Sjela var vaksen, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.
15 Då Juda fekk sjå henne, tenkte han at ho var ei prostituert, for ho hadde sveipt til andletet.
16 Han gjekk bort til henne i vegkanten og sa: «Kom, lat meg få gå inn til deg!» For han visste ikkje at ho var svigerdotter hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får koma inn til meg?»
17 Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av småfeet mitt.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!»
18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglet ditt og snora, og staven du har i handa.» Han gav henne det. Så fekk han koma inn til henne, og ho vart med barn.
19 Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjekleda.