18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglet ditt og snora, og staven du har i handa.» Han gav henne det. Så fekk han koma inn til henne, og ho vart med barn.
19 Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjekleda.
20 Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam for å få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.
21 Han spurde folket på staden: «Kvar er den tempelprostituerte kvinna i Enajim, ho som sat i vegkanten?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka prostituert kvinne her.»
22 Han gjekk tilbake til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, dessutan sa folket på staden at det ikkje hadde vore noka tempelprostituert kvinne der.»
23 Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette. Sjå, eg sende henne dette kjeet, men du fann henne ikkje.»
24 Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»