24 Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»
25 Men då ho vart ført ut, sende ho bod til svigerfar sin: «Eg er med barn med den mannen som eig alt dette. Sjå etter kven det er som eig dette seglet, snorene og staven!»
26 Juda kjende dei att og sa: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje gjeve henne til Sjela, son min.» Sidan hadde han ikkje omgang med henne.
27 Då tida kom og ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i morslivet hennar.
28 Idet ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein skarlakraud tråd og batt kring handa og sa: «Han kom først.»
29 Men så drog han handa tilbake, og bror hans kom ut. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres.
30 Sidan kom broren, han som hadde den skarlakraude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.