3 Ho vart med barn og fødde ein son. Han kalla han Er.
4 Så vart ho med barn att og fødde ein son. Ho kalla han Onan.
5 Sidan fekk ho endå ein son. Ho kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.
6 Juda tok ei kone til Er, den førstefødde sonen sin. Ho heitte Tamar.
7 Men Er, Judas førstefødde, var vond i Herrens auge, og Herren tok livet hans.
8 Då sa Juda til Onan: «Gå inn til kona åt bror din og gjer di plikt som svoger, så du kan skaffa bror din etterkomarar.»
9 Men Onan visste at etterkomarane ikkje kom til å bli hans. Når han gjekk inn til kona åt bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så han ikkje skulle gje broren etterkomarar.