5 Sidan fekk ho endå ein son. Ho kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.
6 Juda tok ei kone til Er, den førstefødde sonen sin. Ho heitte Tamar.
7 Men Er, Judas førstefødde, var vond i Herrens auge, og Herren tok livet hans.
8 Då sa Juda til Onan: «Gå inn til kona åt bror din og gjer di plikt som svoger, så du kan skaffa bror din etterkomarar.»
9 Men Onan visste at etterkomarane ikkje kom til å bli hans. Når han gjekk inn til kona åt bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så han ikkje skulle gje broren etterkomarar.
10 Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens auge, og han tok livet hans òg.
11 Då sa Juda til Tamar, svigerdotter si: «Du må sitja som enkje i huset til far din heilt til Sjela, son min, blir vaksen.» For han tenkte: «Berre ikkje han òg døyr slik som brørne sine.» Så drog Tamar heim og budde i huset til far sin.