1 Josef vart ført ned til Egypt. Potifar, ein egyptar som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta, kjøpte han av ismaelittane som hadde teke han med dit.
2 Herren var med Josef og lét det lukkast for han. Han vart verande i huset til den egyptiske herren sin.
3 Herren hans såg at Herren var med han og lét han lukkast i alt han gjorde.
4 Josef vann velvilje hos herren sin og vart tenaren hans. Potifar sette han til å styra sitt hus og lét han ta hand om alt han eigde.
5 Og frå den tid egyptaren hadde sett han over sitt hus og alt han eigde, velsigna Herren huset hans på grunn av Josef. Herrens velsigning kvilte over alt det han eigde, både i huset og på marka.