12 Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar.
13 Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut,
14 ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne.
15 Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»
16 Så tok ho vare på kappa til herren hans kom heim.
17 Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter.
18 Men då eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»