1 Mannen var saman med Eva, kvinna si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har bore fram ein mann ved Herrens hjelp.»
2 Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, Kain vart jorddyrkar.
3 Då det hadde gått ei tid, hende det at Kain bar fram eit offer for Herren av grøda på åkeren.
4 Abel òg bar fram eit offer, av dei førstefødde dyra frå småfeet og av feittet på dei. Herren såg med velvilje på Abel og offeret hans,
5 men på Kain og hans offer såg han ikkje med velvilje. Då vart Kain brennande harm og såg ned.
6 Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor ser du ned?
7 Dersom du vil gjera det gode, kan du sjå opp, men om du ikkje vil det gode, ligg synda klar ved døra. Ho ønskjer makt over deg, men du skal herska over henne.»