12 Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»
13 Då sa Kain til Herren: «Skulda mi er for tung å bera.
14 Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»
15 Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.
16 Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.
17 Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.
18 Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.