9 Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?»
10 Då sa Herren: «Kva har du gjort? Blodet til bror din ropar til meg frå jorda!
11 Forbanna er du! No skal du vera bannlyst frå den jorda som opna munnen og tok imot blodet til bror din frå di hand.
12 Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»
13 Då sa Kain til Herren: «Skulda mi er for tung å bera.
14 Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»
15 Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.