10 Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer.
11 Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.»
12 Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.
13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans.
14 Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset.
15 For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»
16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet.