12 Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.
13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans.
14 Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset.
15 For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»
16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet.
17 I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.»
18 Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar.