19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.»
20 Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine.
21 Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret,
22 men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei.
23 Men overmunnskjenken hugsa ikkje på Josef; han gløymde han.