1 To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen.
2 Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet.
3 Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda.
4 Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5 Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.