18 Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet.
19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.
20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne.
21 Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg.
22 I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode.
23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden.
24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»