24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»
25 Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera.
26 Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen.
27 Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud.
28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera.
29 Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt.
30 Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet.