28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera.
29 Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt.
30 Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet.
31 Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard.
32 Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det.
33 No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.
34 Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod.