31 Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard.
32 Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det.
33 No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.
34 Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod.
35 Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao.
36 Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.»
37 Farao og alle tenarane hans syntest godt om dette rådet.