4 Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5 Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.
6 Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden.
7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
8 Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han.
9 Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine.
10 Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta.