42 Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han.
43 Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt.
44 Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.»
45 Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt.
46 Josef var tretti år gammal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Så drog Josef bort frå farao og reiste over heile Egypt.
47 Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.
48 Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring.