49 Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna.
50 Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.
51 Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.»
52 Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.»
53 Dei sju gode åra i Egypt tok slutt.
54 Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat.
55 Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!»