53 Dei sju gode åra i Egypt tok slutt.
54 Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat.
55 Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!»
56 Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt.
57 Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda.