1 Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og ser på kvarandre?
2 Eg høyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan leva og ikkje døy!»
3 Ti av brørne til Josef drog då for å kjøpa korn i Egypt.
4 Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brørne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.»
5 Såleis var Israels søner blant dei som kom for å kjøpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan.
6 No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. Brørne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.
7 Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men han lét som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå landet Kanaan for å kjøpa mat.»