20 Kom så hit til meg med yngste bror dykkar. Då er ordet dykkar til å lita på, og de skal sleppa å døy.» Og såleis gjorde dei.
21 Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.»
22 Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.»
23 Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk.
24 Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira.
25 Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort.
26 Så leste dei kornet på esla og drog derifrå.