23 Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk.
24 Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira.
25 Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort.
26 Så leste dei kornet på esla og drog derifrå.
27 Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken.
28 Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
29 Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei: