27 Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken.
28 Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
29 Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei:
30 «Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet.
31 Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar.
32 Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan.
33 Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg.