35 Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane.
36 Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.»
37 Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!»
38 Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.»