9 Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for å sjå kvar landet ligg ope.»
10 «Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for å kjøpa mat.
11 Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.»
12 Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.»
13 Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vår i dag, og ein er ikkje meir.»
14 Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar!
15 Slik skal de bli sette på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit!