25 Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der.
26 Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han.
27 Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?»
28 «Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han.
29 Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!»
30 Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.
31 Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!»