3 Men Juda svara: «Mannen åtvara oss og sa: De får ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk.
4 Dersom du sender bror vår med oss, skal vi dra ned og kjøpa mat til deg.
5 Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De får ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.»
6 Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endå ein bror?»
7 Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»
8 Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, så vi kan leva og ikkje døy, både vi, du og borna våre.
9 Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv.