9 Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv.
10 Hadde vi ikkje drygd så lenge, kunne vi no ha nådd fram og tilbake to gonger.»
11 Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar!
12 Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak.
13 Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen!
14 Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.»
15 Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef.