1 Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, så mykje dei orkar å bera, og legg pengane til kvar av dei øvst i sekken!
2 Legg så begeret mitt, sølvbegeret, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa.
3 Då det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine.
4 Dei drog ut frå byen, men var ikkje komne langt før Josef sa til styraren: «Set etter mennene! Når du tek dei att, skal du seia: Kvifor løner de godt med vondt?
5 Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!»
6 Han tok dei att og sa dette til dei.
7 Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt!